Fem av seks trur økonomien deira blir uendra eller betre i 2018 enn den var i år, ifølgje Sparebank 1. Åtte av ti arbeidstakarar føler at jobben deira er trygg.

28 prosent trur at dei vil få betre økonomi i 2018 enn i år, mens 55 prosent trur dei vil ha uendra økonomi. Det går fram av ei undersøking mellom 1.030 personar gjennomført av Respons Analyse for Sparebank 1. Etter det kraftige oljeprisfallet i 2014 og 2015 var det berre 18 prosent som trudde på betre tider.

– Synet på eiga økonomisk framtid er tilbake der vi var før oljeprisfallet. Vi er vel på det som kan seiast å vere ein normal tilstand for folk flest. Hovudbiletet er at folk ser nedgang i arbeidsløysa, jobbane kjem tilbake, og sjølv om vi har ei svak krone, ser folk at det går betre, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1 til NTB.

Optimisme

Undersøkinga avslører at menn har meir tru på eigen økonomi enn kvinner, og unge er meir optimistiske enn eldre. 33 prosent, ein av tre menn, trur dei vil få betre økonomi neste år enn i 2017, mot 24 prosent av kvinnene.

– Det kan hende det heng saman med at menn gjennomgåande er meir optimistiske, dei tar større sjansar og høgare risiko, seier Gundersen.

– Kva tenkjer du om at heile 50 prosent av unge mellom 18 og 24 år trur på betre økonomi?

– Det er eit bra teikn at dei som gjerne skal over frå studiar og ut i arbeidslivet eller byte jobb ser føre seg gode moglegheiter. Det hadde vore dumt om dei ikkje såg føre seg å få ein betre økonomi, seier Gundersen.

Utrygg jobb

Omkring 14 prosent, som svarar til nesten 390.000 arbeidstakarar, føler ikkje at jobben deira er trygg framover. Dess lågare utdannings- og lønnsnivå, dess fleire føler seg utrygge. Langt dei fleste som er i jobb er derimot temmeleg trygge på å behalde stillinga, og Gundersen meiner folk er realistiske.

– Dei fleste kjenner eigen situasjon ganske godt, dei veit om dei kanskje får ei forfremming, lønnsauke eller anna neste år. På same tid ser vi at dei følgjer med på kva som skjer i marknaden elles, seier han.

Bustadprisar

Svært få trur på store svingingar i bustadprisane dei neste år, og trua på auka prisar har falle kraftig, frå 75 prosent i 2014 til 60 prosent. Delen som trur bustadprisane vil falle i kommande år har auka frå 4 prosent i fjor til heile 25 prosent i år.

– Dette viser at folk tar innover seg endringane i bustadprisar og følgjer med. Samtidig meiner eg dei gjer ein bra observasjon når dei ikkje trur generelle bustadprisendringar vil ramme deira privatøkonomi i særleg grad. Folk flest har heldigvis god peiling og følgjer godt med på eiga lommebok, det skulle berre mangle.