Dikt, teikningar, måleri og foto skal igjen pryde hovudgata i Ørsta sentrum i sommarmånadene.
– I år vert det mykje spennande. Det er berre å gle seg, seier primus motor Carl-Åge Henriksen.
Mariann Skare stemmer i. – Vi har nokre fantastisk dyktige ørstingar blant oss, men det er ikkje alle som veit om dei. Mange av dei stiller ut for første gong. Dette er ein unik arena for å få vise seg fram og vise kor flinke folk bygda vår har fostra opp.
Kunstgate
Det som starta som ein laus idé i mai i fjor er i ferd med å etablere seg som ein tradisjon. Det var Daniel Garden som lanserte ideen om å stille ut kunst i butikkvindauga i Vikegata. Dei næringsdrivande tok tak i ideen, og i fjor sommar stilte 24 kunstnarar ut kunsten sin.
– I år glir alt mykje lettare. Vi har venteliste på folk som vil vere med, så dette er kjempepositivt. Det vert kunst i kvart vindauge, seier Henriksen.
Meininga med å lage gågata om til kunstgate handlar om mykje meir enn å la folk få stille ut kunsten sin.
– Vi ønskjer sjølvsagt meir liv og røre i den flotte gata vår, seier Skare.
Nye namn
No har dei bestilt sol og varmegrader, og gler seg til å møte nye andlet i gata.
Blant dei nye namna som skal stille ut er mellom andre Kirsten Ose som, ifølgje dei næringsdrivande, svært audmjukt har takka ja til å få stille ut nokre av sine eigne dikt. Fotograf Oddbjørn Flø stiller ut naturfoto, Rolf Vatn stiller med keramikk og Trude Volle Lødemel stiller ut blyantteikningar. I tillegg er der eit tjuetals andre, like dyktige kunstnarar, som byd på kunstopplevingar.
– Det er eit enormt spekter av kunst som vert vist fram, seier dei næringsdrivande, som gler seg til å pynte opp litt ekstra i vindauga sine.
Den offisielle opninga vert 25. juni i samband med opninga av Dei nynorske festspela og kransinga av Ivar Aasen-statuen.
– Dette er ein kjempefin måte å skape trivsel i gågata på, og kanskje kan det også gi det vesle ekstra som gjer at kunstnarane sjølve får den ekstra sjølvtilliten som skal til for å tore å satse vidare, for det er heilt klart at her er mange som er dyktige nok til å kunne nå langt, meiner Skare.