Førsteamanuensis Kjetil Høydal og høgskulelektor Eli Karin Sjåstad Åsebø ved Høgskulen i Volda skal leie studiet frå høgskulen si side, og dei har med seg overlege og kardiolog Svein Hareide frå Volda sjukehus.

– Det er eit todelt studie der vi i den eine delen ser på forskjellig intensitet og varigheit på treninga, og korleis dette påverkar kondisjonen. Det vi veit om uthald er at eit høgt oksygenopptak er svært viktig for å prestere innanfor idrett, men det er også svært viktig for helsa. Det er ein debatt som går i forhold til intensitet og kor lenge ein skal trene, og det vert framleis diskutert kva som er mest effektivt av høg intensitet eller å trene lenge og litt roligare. Det er dette vi skal finne ut av i den biten av studiet som går på treningstilpassing, seier Høydal.

Forskjellige treningsformer

For å få gjennomført studiet treng ein personar som er villige til å vere med i prosjektet. Dei som melder seg vil gjennomføre trening i ei åtte vekers periode, men vil også gå gjennom testing og ein intervjurunde.

– Den andre delen av prosjektet er eit kvalitativ studie der vi intervjuar dei som er med i prosjektet. Her skal vi sjå nærare på kva slags faktorar som motiverer dei til å trene, og korleis treninga vert opplevd subjektivt av dei som skal gjennomføre dette, seier Høydal.

Treningsperioden i studiet går over åtte veker med tre treningsøkter i veka. Totalt vil dei som gjennomførar studiet ha tjuefire treningsøkter.

– For å få til dette prøver vi å få inn to grupper der den eine skal trene rolig langkøyring, medan dei andre har intervalltrening. Dei som melder seg på vil verte testa før og etter treningsperioden for å sjå kva som skjer, seier Høydal.

For å kunne gjennomføre prosjektet må ein ha minimum tjue personar med. Desse vil verte inndelt i tilfeldige grupper på tre, og treningane vil verte gjennomført på tredemøller i Idrettsbygget i Volda.

– Vi ynskjer personar i aldersgrupper 18–30 år. Ein treng ikkje å vere topptrent for å vere med, og vi ynskjer vanlege folk som er utrente til middels trente. Så det er berre å melde seg på, seier Høydal.

God oppfylling

Dei ynskjer også å få på plass eit oppfyllingsstudie med intervju og testing i 2012.

– For å kunne sjå på langtidsverknader av trening ynskjer vi å gjere nye testar etter eitt år. Vi vil sjå kven det er som held fram med treninga, kva som skjer fysisk når ein har trent i eit heilt år og motivasjonsfaktorar, seier Høydal.

I tillegg til trening og intervju vil ein verte testa av Svein Hareide på Volda sjukehus.

– Der skal vi gjere ultralydmålingar av hjertet og blodårene. Vi vil også ta blodprøver, seier Høydal.

– Kvifor bør ein melde seg på denne undersøkinga?

– Det er ei stor mulegheit til å kome i gang med trening, og vi veit at det å kome i gang med trening og halde på regelmessig har ein god effekt på helsa. Dette prosjektet passar også for dei som ynskjer å kome i betre form til gode idrettsprestasjonar, og som ynskjer å kome i gang med det. Etter at prosjektet er over skal vi ha ei oppsummering med dei som har vore med, og vi vil gje desse personane treningsråd vidare. Dei vil få god oppfølging, avsluttar Høydal.

Om du ynskjer å ta del i dette ta kontakt med Kjetil Høydal på mobil 975 11 083 eller på e-post kjetilho@hivolda.no