Fredag den 5. mai dukka Sand opp hos desse institusjonane, og hadde med seg kunst som til saman var verdt om lag ein halv million kroner.

Donasjonane skjedde i samband med at Sand presenterte ei utstilling på Kunsthuset i Ørsta med bilete av broren Vebjørn, faren Øyvind og kona Marianne Aulie. Kvar gong han har slike utstillingar, plar han donere ei gåve.

– Vi kan takke ei dame som var ute og lufta hunden sin torsdag. Sand fortalde oss at ho meinte Volda sjukehus var ein verdig mottakar av ei gåve, fortalde klinikksjef Knut Nautvik ved Volda sjukehus.

Aune Sand sjølv, var overvelda over responsen i Ørsta og Volda.

– Interessa for kunsten har vore stor, og folk har vist stor respekt for bilda og for Vebjørn, fortalde Sand til Møre-Nytt.

Den 4. mai kunne Møre-Nytt fortelje at Fora Form hadde fått oppdraget med å levere nye stolar til kinosalen i Ørsta kulturhus. I alt 300 stolar var ordren på.

Rufo AS i Hovdebygda var i vår inne i ein svært god periode, fortalde Møre-Nytt 11. mai. Rufo satsar no også på den europeiske marknaden med transportkasser.

– Vi ønskjer å satse stort på eksport til Europa og verte ein seriøs aktør i denne marknaden, fortalde dagleg leiar Knut Steinnes til Møre-Nytt den 11. mai.

«Ei strålande 17.-mai-feiring i Ørsta», melde Møre-Nytt den 20., ai. Feiringa av Grunnlovsdagen vart prega av sol over heile Ørsta, og folk strøymde ut for å vere med på feiringa.

– Tillit skaper velferdsstaten, sa påtroppande Møre-Nytt-redaktør Svein Aam i talen under folkefesten i Ørsta.

«Hentar råvarene i naturen». Hotell Sagafjord på Sæbø hadde besøk av bondelagskokk Stig Henning Nesje.

Han satsa på måltid med lokale råvarer, og gjerne ville vekstar i nærområdet. Difor vart det både ramslauk, lauvskot frå rognetre og «havtrøffel» blant ingrediensane.

– For meg bringer det fram barndomsminne å hente noko surgras eller kløver, fortalde Nesje den 27. mai.

Den 30. mai kunne Møre-Nytt fortelje om full klaff for Sunnmørstreffet. Mykje hestekrefter og mykje folk var samla til Amcartreffet på Mosflata.