Laurdag kveld fekk politiet melding om personar som skulle ha sparka i ein parkert bil i Ørsta sentrum. Etter ugjeringa stakk dei av i eigen bil.

Ein av bileigarane opplyste til politiet at han vart slengt i bakken og at dei tok kvelertak på han.

Ifølgje eit vitne skal to personar ha kome ut av ein bil i sentrumsområdet og oppsøkt ein annan bil. Ein person skal ha sparka i ein parkert bil medan ein annan skal ha prøvd å få tak i personane sittande i bilen. Bil som vart angripen kom seg vekk og forflytta seg til ein annan stad i sentrumsområdet. Gjerningspersonane kom til staden, tok tak i personane. Ein vart sendt i bakken og teken kverlertak på. Politiet vart varsla og fekk skiltnummer til bilen med gjerningspersonane.

Politiet opplyser også at gjerningsbilen er kjent.