I 22 år har det farta på landevegen. Frå grendahusa i Bakfjordar til store scener i hovudstaden. Folket der ute vert visst aldri leie av gjengen frå Åmdalen. Dermed vert det rundt 80 konsertar i år også.
–Vi brukar å seie at det er to faktorar som avgjer framtida, og det er Vårherre og fastlegen, seier Rune Brautaset og Ernst Brune.
Sindre Aam og Arthur Johan Bjørdal er på turne for å gjere radiointervju i samband med den nye plata. Brautaset og Brune tar seg av heimebana. Også dei vil snakke om den nye plata, «MeToo».
– Førsteopplaget på 5.000 CD-ar vart vekkbestilt med ein gong, seier ein nøgd Rune Brautaset.
Vatnevatnet
Dei har tatt Møre-Nytt med på cruise på sjølvaste Vatnevatnet. I enden av vatnet ligg sjølvaste Vassenden. Her ligg ungdomshuset som var fødestaden til karane som gjorde festkøntri til ein eigen sjanger.
Fartkosten som trafikkerer Vatnevatnet ber det stolte namnet «Saga Sniglar», oppattkalla etter Ragnar Thorset sitt vikingskip «Saga Siglar.» Enkelt forklart er det ein takterrasse med flyteelement. Midtskips står ein velbrukt grill. Ein Yahama 9,9 hk syter for det vesle som er av framdrift. Maksfarta er estimert til to knop.
–Motoren er litt lunefull. Anten startar han på det første draget, eller så er det gjer han det på det førtiande, seier skipper Rune Brautaset.
I dag er ein av goddagane. Det er tenning på første drag. Ifølge skipperen kan «Saga Sniglar» ta opp til 22 passasjerar, men absolutt ikkje fleire.
– Ein gong var det 22 om bord. Plutseleg byrja ei av pylsene på grillen å trille frå den eine sida til den andre. Då heldt vi på å kolve.
Slakt – igjen
«Ærlig talt gutter, dette er tynne greier», skriv Dagbladet sin meldar om ein av songane på den nye plata. Han strekkjer seg likevel til terningkast to: «Tidvis er det fengende også- selv om det stort sett låter både ordinært og uspennende», skriv Dagbladet sin meldar.
Han er dermed akkurat like føreseieleg som han sjølv meiner Vassandgutane sin musikk er.
–Tekstane til Vassendgutane er ikkje laga for å bli analyserte. Nei, det er publikum som er våre kritikarar. Dersom vi har fulle hus, så betyr det at vi har gitt ut noko som folk likar, seier Brune og Brautaset.
Den same Dagblad- meldaren prøver seg på eit anna klassisk grep, nemleg å analysere fenomenet Vassendgutane. Han skriv: «Vassendgutane er bygdas band, og jeg tror de elsker å provosere oss byfolk».
Igjen ein analyse til maks terningkast to. For dette er skivebom.
– Vi likar godt byfolk vi! Og vi spelar ofte i både Oslo og Bergen. Det er som kjent ingen stader det er så mange bønder som i byen. Som Vestlandsfanden sa det: Heile Noreg er bønder – og fiskarar.
Sirup og snus
«Blazer Chevrolet», «Sirup og Snus» «Hjertestartar og Statoilkopp» er nokre av songtitlane på den nye CD-en. Det er også ein om Therese Johaug, og så sjølvsagt det mykje omtalte tittelsporet MeToo.
Dei visste nok at dei trakka inn i eit skikkeleg minefelt, men ser ut til å ha kome frå det nokolunde heilskinna.
– Det er nok mange som synest dette MeToo-greiene har gått for langt. Det vert for mykje småsaker, som øydelegg for dei alvorlege sakene, meiner Brune og Brautaset.
Vatnevatnet ligg bada i kveldssola. Kreda vaker, men vil ikkje bite på sluken til Ernst Brune.
Vassendgutane er klare for ein ny sommar på vegen. Frå køntrifestival til køntrifestival. Frå bygd til by. Frå sør til nord.
– I år skal vi til og med til Kirkenes. Så langt nord har vi ikkje vore før.