Det er Søre Sunnmøre hjorteviltutval som har hatt ansvaret for hjorteteljinga i år, og har fått god hjelp frå dei ymse jaktvalda kring om i regionen.
Den fyrste teljinga var 21. april, og den andre teljinga var femte mai.
Teljinga syner altså at det i Ørsta vart talt 1.294 dyr under den fyrste teljinga. Berre i 2008 og 2009 har det vorte talt fleire dyr. Flest dyr var det denne natta i Bondalen med 229, Vartdal med 199 og Norangsfjorden med 195.
Den 5. mai vart den andre teljinga gjennomført, og det vart talt 955 dyr. Berre i 2010 har det vorte talt fleire dyr ved andre gongs teljing.
Flest dyr vart talde i Vartdal-valdet med 156, Bondalen med 154 og Storfjorden/Bjørke med 129.