Ein novemberkveld i 1989 hender det. Astronom-entusiast Knut Aarseth får auge på ein komet som susar 237 millionar km. frå jorda.
Med eitt var Knut sitt liv endra. I kjølvatnet av komet-døypinga Aarseth-Brewington - og eit enormt medietrykk - vart lidskapen for astronomi sådd som eit frø i Knut si sjel.
I lengre tid har Knut vore forsiktig med å late journalistar og andre dokumentasjonsorgan kome for nært innpå. Ikkje før han møtte masterstudentane Einar Sleire og Joachim Storvik frå dokumentarfilmlina ved Høgskulen i Volda, skulle nokon få skikkeleg innpass.
No kjem filmen om livet til den dedikterte atstronomen som «alle” i Volda har høyrt om, men kanskje ikkje har møtt.
Byrjinga
Sleire fortel om hausten 2010, og om korleis han og klassekompanjongen Joachim (Storvik) fann temaet for eksamensfilmen, som til slutt skulle verte filmen «Livet der ute».
– Ein kveld var vi oppe og vitja Knut på Kometland. Vi vart rett og slett fascinerte av han som person, historia om oppdaginga av kometen, senteret han hadde bygd opp og energien hans, seier Sleire.
Filmskaparane tende på ideen om å feste Komet-Knut sitt liv til lerretet, men visste at det kunne verte vanskeleg å realisere ideen. Mange frå dokfilmlina hadde spurt, men svaret var kvar gong – nei.
For Sleire og Storvik vart røynda annleis.
– Tida er inne
– Vi hadde ikkje rekna med at han skulle seie ja, men vi fekk positiv respons med ein gang!
– Kvifor sa han ja til dykk trur du?
– Det er vanskeleg å seie, men han sa sjølv at tida no var inne for å fortelje om oppdaginga og livet sitt. Eg trur det vart eit hardt mediekøyr då han fann kometen for tjue år sidan. Kanskje han trengde tida fram til i dag for å få ting på avstand.
Lidenskap
Og slik skulle det verte. I eit halvt års tid var dei ferske filmskaparane floger på veggen i Knut sitt daglege virke.
Med kameralinse og mikrofon har dei jakta på augneblinka i astronomen sitt liv som fortel kven han er, kva han har opplevd, og korleis interessa for astronomi har vorte til.
– Meininga med filmen er mellom anna å vise korleis livet kan verte når ein brenn så mykje for lidskapen sin, at ein investerer all tid i eit visst felt.
Skrekkblanda fryd
– Kva utfordringar støytte de på i prosessen?
– Vel, alle er nok litt skeptiske til å utlevere seg sjølv framfor kamera, og det var nok litt skrekkblanda fryd for Knut i byrjinga. Etter kvart bygde vi likevel opp ein gjensidig tillit. Andre hinder handlar meir om at vi kunne ha filma mykje meir, og nytta meir tid i redigeringsrommet.
Sleire seier likevel at både han og Storvik er nøgde med produktet, og at dei gler seg til å vise filmen for voldingar og ørstingar.
Men kva tykkjer hovudpersonen sjølv om den audiovisuelle forteljinga?
– Flinke gutar
– Eg må berre seie at eg tykkjer filmen vart kjempebra, og all ære til dei to høgskulestudentane, seier Knut.
– Men kva tykte du om å verte følgd rundt med kamera i eit halvår då?
– Du, det var ikkje noko problem. Eg er så godt vand med det frå før, ler han, med eit klart hint til medietrykket som har vore sidan den måndagskvelden for tjue år sidan.
Knut minner likevel om at historia ikkje er over.
– Planen er å få utvida filmen enda meir. Vi skal mest sannsynleg gjere fleire opptak til hausten, så det er berre å vente og sjå.
Sjølv om filmen ikkje rakk å verte ferdig til Dokfilmfestivalen i Volda i april, har Sleire og Storvik planane klare.
– Vi har søkt om å få delta på festivalen i Grimstad, og håpar at tv-kanalane kan vere interesserte i å syne han. Tida vil vise.
«Livet der ute» går søndag 29. april klokka 16.30 på Volda Filmteater.