Natt til torsdag tok det til å brenne i eit bustadhus på Vartdal. Huseigaren melde frå om brannen like etter klokka eitt, og han greidde sjølv å sløkkje branntilløpet.

To personar vart sendt til legevakt for ein sjekk etter å ha pusta inn røyk.

Brannvesenet på Vartdal tok ein sjekk av huset etter hendinga. Politiet har rutinemessig oppretta sak.

Pipebrann

Torsdag kveld vart det også meldt om pipebrann i Hovdebygda. Også der greidde huseigaren å stoppe branntilløpet. Medan han venta på brannvesenet i Ørsta, følgde han instruksjonane frå 110-sentralen, og fekk stoppa lufttilførsel til pipa.