Posten Norge gjorde det tysdag kjent at dei legg ned nesten alle postkontora i landet og flyttar tenestane over til Post i Butikk. Etter at dei 149 postkontora er lagt om, står det att berre 30 postkontor i Noreg. Til samanlikning vert det 1.400 Post i Butikk.

Endringane vil skje i løpet av 2013 og 2014.

Posten Norge argumenterer med at digitale løysingar har ført til at færre nyttar seg av tenestane på postkontora. Dei siste 10åra har meir enn 700 postkontor vorte lagt om til Post i Butikk.

- Endrakundebehov gjer at Posten må tilpasse seg. Post i Butikk gir eit tenestetilbodsom er godt tilpassa kundane sine behov for lange opningstider, seier konsernsjefDag Mejdell i Posten Norge.