Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som deler ut midlane i samarbeid med Gjensidigestiftinga. I alt 1,5 millionar kroner vert delt ut, og av dei 55 søknadene som kom inn har 26 nye prosjekt fått støtte.

– Arbeidet med å få implementert ein felles skiltmal for turløyper på Vestlandet er vidareført etter at dei fire Vestlandsfylka i fjor fekk ei gåvepakke på 10 millionar kroner frå Gjensidigestiftinga. Saman med øyremerkte midlar frå fylkeskommunane, skal pengane bli brukt til ei storstilt satsing på merking og gradering av turløyper. For Møre og Romsdal sin del vil det seie 1,5 millionar kroner per år i to år, seier prosjektleiar for friluftsliv Petter Jenset.

Det at fleire går på tur oftare enn før, er eit av dei enklaste og viktigaste tiltaka for betre helse. Både fylkeskommunane på Vestlandet og Gjensidigestiftelsen har difor støtta prosjekt som har som mål å bidra til merking av turløyper nær der folk bur. Det skal bli stadig enklare å finne seg ei løype anten du går til fots, syklar, går på ski eller padlar. No i vår er det innvilga søknader til mange lokale tiltak. Det er i hovudsak lag og organisasjonar som jobbar dugnad med å gjennomføre arbeidet med turløypene.

– I Møre og Romsdal har vi for 2012 fordelt kr 1.520.000 på om lag 120 lag og organisasjonar. Det dreier seg om merking av fleire hundre turar i vårt fylke. Når ein tenkjer på at dei lokale prosjekta skal ha minimum 50 % i eigenfinansiering i form av eigne midlar eller dugnad, vert omfanget stort seier Petter Jenset.

Urke grendelag har søkt om 21.000 kroner og fått denne summen til å merke stien mot Patchellhytta frå Urke. Dette skjer i samarbeid med Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, og det er tidlegare gjeve midlar til merking av stiar frå andre stader som fører mot hytta.

Frå Volda kommune er det søkt om 129.000 kroner i støtte til ni skiltprosjekt i kommunen. Det er vedteke å løyve femti tusen kroner til prosjektet.