Ingrid Elise Langvatn Aklestad (t.h.) kosar seg på datatreff, tett flankert av systera Hanne Marie Langvatn Aklestad. Foto: Ivar Lid Riise

På Bondalen grendehus er det høg trivselsfaktor om dagen. 3. og 4. april er nemleg festsalen fylt til randa med born og ungdomar som har bytta nokre dagar med påskesol ut med lyset frå pc-skjermane.

Dei sit tett, men tydeleg fråskilt – gutane på eine sida og jentene på den andre. Men kva gale gjer det vel å bytte litt tid i skibakken med dataspel, så lenge det er kjekt og sosialt?

Like mange

– Det er så gøy når vi kan spele med kvarandre og vere i lag! seier Hanne Marie Langvatn Aklestad, tett flankert av systera si, Ingrid Elise.

Saman med fem-seks andre jenter syt dei for ei kjønnsmessig 50/50 deling på treffet, og avlivar myten om at datafest berre er for kvisete pubertale gutar med D-vitaminmangel, klumsete koordinasjon og sveitteproblem.

– Eg likar best å spele på Facebook! stadfestar Ingeborg Holen.

Natteheltane

4. – 7.-klassingane får berre får lov til å vere på grendehuset til 18.30. Då kjem nemleg ungdomane mellom 16 og 20 år for å nytte nattetimane i digital tvikamp.

Akkurat i kveld skulle nok Tor Eivind Follestad og Sander Rem Haugen ønske dei hadde nokre ekstra år på baken.

– Vi skulle gjerne vore her i natt, ja. Vi får heller ha det så kjekt som muleg fram til halv sju.

– Kva seier foreldra dykkar om at de nyttar delar av påska her inne då?

– Mamma og pappa tykkjer det er heilt greitt, så lenge vi kosar oss, seier dei, og spelar vidare på Nintendoen dei har teke med.

Etterspurnad

Oddhild Kalvatn og Lisabel Hustad Øvrelid er to av ti frå Bondalen Frilynde ungdomslag som er ansvarlege for arrangementet.

Ein skal ikkje lenger tilbake enn til vinterferien for å finne førre gang dei inviterte til datatreff, og begge oppfattar spelesamkome som ein positiv ungdomssyssel.

– Det er ikkje tvil i at dei yngre tykkjer det er kjekt å vere her. Det er takka vere alle førespurnadene at vi arrangerer denne samlinga, seier Kalvatn.

– Mange unge speler mykje data, så vi trur det kan vere kjekt for dei å få kome her og styre i sosialt samkvem, i staden for å sitje åleine heime, seier Øvrelid.