Gardbrukar Kjetil Einar Myklebust i Follestaddalen har hatt fine dagar på jobb dei siste vekene. Jamt over milde og fine temperaturar gjer godt for både gras og arbeidskar, og mange nyttar høvet til å ta førsteslåtten.

– Bøndene grammar seg ofte, men no er det heilt topp. Som regel må ein lure inn slåtten mellom regnbygene, seier Myklebust frå traktoren sin.

Til liks med mange av kollegaene i Follestaddalen er han godt i gang med forhaustinga, og er nøgd med resultatet så langt.

– Det er betre i år enn i fjor, og er nok over normalen, seier han.

Vêret sikrar godt gras

Sambygding Jon Steinar Øye var også i gang med sin slått måndag, og var samd i at årets avlingar har høg kvalitet.

– Det er fine forhold, tørt og fint, og det er tett i rota. Det vert bra med avlingar, stadfestar han.

– Det er ikkje for lite regn?

– Nei, ikkje enno. Det kunne kanskje vore litt meir, men det ser bra ut enno.

Øye reknar med å bruke sju- åtte dagar på slåtten.

Sommardreng

I Vassenden var Knut Krøvel i gang med å flytte rundballar måndag ettermiddag.

– Det er kjekt å vere ute og halde på når det er slikt vêr, seier han.

Han kan fortelje om tørre og fine avlingar og godt med gras i Vassenden. – Når det er sol og fint vêr, veks det bra.

Krøvel er ikkje gardbrukar sjølv, men hjelper til ved å ta i eit tak heime i ferien sin. Til dagleg har han anna arbeid i Stavanger.

– Det freistar ikkje å starte som gardbrukar, då?

– Hadde det vore betalt, kunne eg tenkt meg det. Men så lite gardbrukarane tener i høve kor mange timar dei arbeider, er det ikkje verd det. Det vert nok vanskelegare og vanskelegare å rekruttere. Og med dei maksgrensene ein har i Noreg, kan ein berre gløyme å drive så stort som ein gjer t.d. i Danmark, seier han.

Men med tjue grader i lufta, blå himmel og lukt av nyslått gras, er det nok uansett gardbrukarane som kosar seg mest på jobben desse vekene.

Kjetil Einar Myklebust kosar seg på jobb i solsteiken.
Jon Steinar Øye var i gang med slåtten måndag.