Ørsta kommune har gjeve seg sjølve løyve til å renovere Tyssebrua på Bjørke.

Denne brua vart skadd i ein flaum for to år sidan, og vart seinare stengd.

Det er Volda Bygg AS som er ansvarleg søkjar og som skal reparere brua, medan Ørsta kommune er tiltakshavar, då brua og vegen er kommunal.

På Bjørke har reparasjonen av brua vorte etterlyst ved fleire høve, også gjennom interpellasjonar i formannskapet.

Løyve

No ser det endeleg ut til at brua vert reparert, og teknisk sektor gjev altså løyve.

Teknisk sektor kan ikkje sjå at tiltaket er i strid med planføremål eller plan- og bygningslova, og merkar at tiltaket synest å ha ei tilfredsstillande estetisk utforming.

Kommunen må betale 3.750 kroner i sakshandsamingsgebyr til seg sjølv.