Det opplyser Håvard Sætre, operativ leiar i Ørsta røde kors hjelpekorps.

Tradisjonen tru har hjelpekorpset selt adventskalendrar i år, og tradisjonen tru har det vore godt sal. Kalenderen er ei av dei viktigaste inntektskjeldene korpset har i løpet av eit år.

Men grunna ein feil hos leverandøren av kalenderen, kom det ikkje fram om det var gevinst eller ikkje.

– Dei fyrste dagane undra vi oss over at ingen hadde meldt inn gevinst, og vi tok kontakt med leverandøren.

– Det skulle ha stått «gev 1» eller «gev2», men grunna denne feilen, vart ikkje det med i leveransen, fortel Sætre.

Likevel står nummera der, og på eigen kostnad har no leverandøren fått gjort ei trekning av kva nummer som gir gevinst. Nummera er presentert i ei trekningsliste som no er gjort offentleg. Alt er godkjent av Lotteritilsynet.

– Det folk no må gjere, er å sjekke trekningslistene opp mot dei nummera dei har på kalenderen. Viss det er samantreff, er det berre å kontakte oss. Korleis står i annonsar og på sosiale medium, fortel Sætre.

Han seier seg lei for feilen, og takkar samstundes publikum for at dei har vist forståing.

– Det er ingen sure miner. Samanlikna med tidlegare år, er det like mange som har meldt at dei har gevinst.

– Og enno har ikkje hovudgevinsten gått. Det tyder på at folk ventar med å opne lukene etter kvart som vi nærmar oss julaftan, seier Sætre.