– Vi skal servere sjåarane ei sending metta av julestemning som skaper minne, seier Riise, som skal leie programmet «Lille julaften» saman med kollega Julie Strømsvåg, kjend frå TV2 sine sportssendingar.

I programmet får vi mellom anna møte med statsminister Erna Solberg, Petter «uteligger» Nyquist og journalist Åsne Seierstad.

«God morgen Norge»-kokk Wenche Andersen kjem for å sette saman sin julemeny, med juleribbe, pinnekjøt og fire dessertar, skriv TV2 i ei pressmelding.