Det skriv Kristian Myklebust i eit brev til Ørsta kommune. Han viser til at det går mange små i området, på veg til skular og barnehagar, og at det er mykje trafikk til Kiwi, som også har varelevering på fortauet mot Håkonsgata.

– Med enkle grep kunne tryggleiken i området vore vesentleg større, skriv Myklebust.

Han oppmodar kommunen om å snarast lage til to gangfelt over Håkonsgata, eitt i nærleiken av krysset Håkonsgata/Fonnavegen, og helst også eitt over Håkonsgata lenger aust.

– Det bør også verte måla eit gangfelt i Engesetvegen, der det no berre er eit skilt som syner dette. Med desse ekstra tiltaka vil publikum vite kvar vegen skal kryssast, og bilførarane ert meir medvitne om at dette er eit område der dei må vere ekstra merksame på mjuke trafikantar.

Myklebust meiner også at det bør verte vurdert nedsett fartsgrense på heile Vallabøen.

– Vinsten med auka tryggleik er stor samanlikna med kva det krev!