– Det tek meir enn 20 minutt å køyre buss frå Vartdal til Ørsta sentrum. Ein må ta omsyn til gangavstand Ørsta rutebilstasjon – Ørsta ungdomsskule, tidsbuffer for å rekke skulestart vinterdag, og gangavstand til busshaldeplassar i dei ymse bygdelag, seier Aarskog, som er føresett til ungdomsskuleelevar på Vartdal frå skuleåret 2013–2014.

Han har eit arbeid som gjev kjennskap til regelverk og organisering av skuleskyss, og hanhevdar at sentrale politikarar har bagatellisert reisetida for skuleelevar Vartdal–Ørsta sentrum.

Reknestykket

– Utifrå mi kjennskap til fylkeskommunal skuleskyss vil elevane vert skyssa frå Vartdal seinast 40 minutt før skulestart, Nordre Vartdal 45 minutt før og Barstadvik 55 minutt før. Då er det lagt opp til tid til å ta på elevar, buffer for vinterveg og tid til å gå til Ørsta ungdomsskule. Med gangtid vil elevane på det kortaste nytte 45–50 minutt kvar veg, insisterer Aarskog.

Aarskog er likevel klar på at skuleskyss for elevane på Vartdalsstranda også handlar om elevar frå Saltre (5 km søraust for Festøya i Hjørundfjordsstranda), Erdalen (3 km frå butikken i Barstadvika), Årskog (1,8 km frå Vartdal kyrkje) og Myklebust (4 km frå butikken på Vartdal)

– Regelverket på gangavstand tilseier at skulebussen må køyre rundt Årsetdalen og fram i Erdalen. Å køyre buss rundt Årsetdalen vil medføre 15 minutt lenger reisetid. Elevane i heimen min må 1,8 km frå heim og til busstopp. Dette tek minst 25 minutt. Dersom ein legg til 45 minutt Nordre Vartdal–skulestart, vil dette seie 2 timar og 20 minutt pr dag, 442 timar pr skuleår eller 18,4 døgn om ein vil. Dersom elevane må køyre om Årsetdalen, vil dette medføre ein ekstra halvtime kvar dag, seier han.

– Bør vere privatskule

Aarskog meiner at det er mykje med skulereise på inntil 2,5 timar pr dag.

– Det er heilt i yttergrensa i regelverket. Dette er tid som barna kan bruke til fritidsaktivitet eller lekse. Eg kan også nemne at kostnadene på skyss for fylkeskommune og kommune samla sett vil kome på over 2 millionar kroner per skuleår. Dette er vel ikkje akkurat god samfunnsøkonomi, seier han.

Aarskog er klar på kva som er løysinga for folket på Vartdalsstranda.

– Her bør det vere privatskule dersom kommunepolitikarane ikkje snur. Vi bør ikkje utsette elevane våre for ein slik lang skuleskyss, seier han.