– Vi satsar på ein folkeleg dugnad mellom næringsliv, organisasjonar og privatpersonar i kommunen. I tillegg vil vi søkje regionale og nasjonale fond om midlar til prosjektet, seier dagleg leiar Odd Magne Vinjevoll i Stiftinga Ørsta Næringskontor.

Gode signal

I første omgang er det arbeidet med å få inn midlar frå næringslivet som no skal i gang. Stiftinga Ørsta Næringskontor er med på prosjektet, og Vinjevoll er optimistisk.

– Vi har på førehand sendt ut følarar om det er vilje til å vere med på eit slikt prosjekt, og tilbakemeldingane er gode, seier Vinjevoll.

Fyrste bandet av kultur- og næringssoga kom ut i vår, men arbeidet med band to og tre har stoppa opp førebels. Grunnen er at prosjektet til no eine og åleine har vorte finansiert av kommunen. Men gjennom budsjettvedtaket i desember i fjor sa kommunestyret nei til vidare engasjement av bygdebokredaktør etter 1. april i år.

Spleiselag

I kommunestyret vart saka drøfta tidlegare i vår, men der var ikkje midlar å hente. Difor gav kommunestyret eit klarsignal til at det kan arbeidast vidare med prosjektet i privat regi, og som eit spleiselag. Det vil seie at bygdebokredaktør Gunnar Ellingsen vert engasjert til å arbeide vidare med kultur- og næringssoga dersom prosjektgruppa lukkast i å hente inn midlar frå næringsliv, lagsliv og privatpersonar.

Difor er det etablert ei styringsgruppe med representantar for Ørsta Sogelag, Hovdebygda soge- og velferdslag, Follestaddalen sogelag, Ørsta Mållag, kommunestyrepresentantar og Stiftinga Ørsta næringskontor.

Bedriftene

Gruppa kom i gang straks etter påske, og det var ønskjeleg å kome raskt i gang med arbeidet. Styringsgruppa hadde då registrert stor frustrasjon blant vanlege menn og kvinner over at bygdebokarbeidet vart stansa. Samstundes registrerte dei at folk var svært nøgde med band ein, ei bok som også fekk gode meldingar i avisene.

– Gruppa har alt halde fleire møte, og konkludert med at det er behov for 1,4 millionar kroner for å fullføre band II, fortel Vinjevoll.

Han minner om at alle næringar i Ørsta i dag direkte eller indirekte vil verte omtala i dei komande banda av næringssoga, eller dei vil ha tydelege røter til dei historiske framstillingane.

– Styringsgruppa meiner utan tvil at fullføringa av nærings- og kultursoga band to og tre er det viktigaste kulturprosjektet Ørsta-samfunnet har hatt dei seinare åra, seier Vinjevoll.

Etter at bedriftene no vert kontakta, vil turen kome til alle husstandane sraks etter sommaren. Til hausten vert det ein eigen kampanje mot lag og organisasjonar.