– Det har truleg aldri vore så mange til fjells i Ørsta kommune på ski som på søndag, seier Knut Hustad.

Sjølv var Hustad på Randers topp saman med sonen sin, og han har aldri sett så mange på toppen utan at det har vore organisert.

– Dette er ein tøff tur som startar i fjøresteinane, og det var i alle fall hundre personar på toppen. Då vi kom ned igjen og pakka i bilen stoppa eit ektepar oss, og lurte på kva som skjedde her. Eg svarte at det er folk som er på ski. Dei var sikre på at dette var organisert, men det var det ikkje. Søndag var den beste dagen vi hatt, og det var også mykje folk frå Volda som på fjellet, seier Hustad.

– Begeistra

Vanlegvis har Kolåstinden og Skårasalen vore tradisjonelle turmål med ski på beina, men ifølgje Hustad har folk vorte flinkare til å spreie seg rundt om på dei ulike fjelltoppane. Laurdag kom det nysnø, og både søndag, måndag og tysdag lokka vêret mange ut i fjellet på ski.

– Det er heilt utruleg, og vi har hatt nokre fantastiske dagar. Eg stakk skistaven ned i snøen ved Bladet, og der låg i alle fall 75 centimeter med tørr nysnø. Med slike tilhøve kan ein ikkje la vere å verte begeistra av, seier Hustad.

70 personar på Skår

Ski- og fjellentusiasten fekk også rapportar frå Skår om at det  frå søndag til tysdag var sytti personar som kom ned fjellsidene frå Skårasalen, og det var også mange som la turen innom Fladalen og Nordre Sætretind, og også Grøtdalstinden. Det er også rapportar om mange folk på Kyrkjefjellet og Eidskyrkja.

– Eg vil tippe at det var mange som også var på Slogen. Det var skispor over alt i fjellet, seier Hustad.

– Mange tilreisande

Noko som Hustad også la merke til var at mange av dei som var i fjellet var tilreisande.

– Det var ikkje så mange lokale, men veldig mykje tilreisande. Måndag hadde ein besøk av tre nasjonalitetar på Skår, og det er slik at folk reiser dit tilhøva er gode. For reiselivsnæringa har dette eit enormt potensial om det er nokon som torer å satse, seier Hustad.