Stormen Berit skal slå til for fullt fredag kveld og natt. I Ørsta og Volda har det vore ein dag med mykje vind, og på ettermiddagen kom det også lyn og torever med påfølgjande haglbyger.

På ytre Søre Sunnmøre er vinden heftigare. Der har bølgjene byrja å nå store høgder. Vikebladet.no har mellom anna ein fotoreportasje frå Flø som syner krafta i bølgjene som no slår innover.

Vermeldingane tilseier altså kraftigare vind utover kvelden. Vermeldingane kan du sjå her.