– Totalt har vi behandla fire skader denne påska. Det har vore ein brotskade og tre leddskadar. Søndag hadde vi eit transportoppdrag til vegen frå ei av hyttene, og så langt andre påskedag har vi ikkje hatt nokon skader. Det har vore ei veldig roleg påske for oss, seier administrativ leiar Børulf Lefdal i hjelpekorpset.
Denne vinteren har hjelpekorpset nærma seg rekord i talet på behandla skader, men tilhøva denne påska har vore gode slik at skadestatistikken totalt ikkje har vorte så stygg.
– Med mykje nysnø er det mjukare å lande, og vanskelegare å skade seg. Så ein kan seie at snøtilhøva denne påska har vore gode for skadestatistikken, seier Lefdal.
På førehand håpa hjelpekorpset på at det skulle verte ei roleg påske med lite skadar. Lokalt har ikkje skredgruppa måtte rykkje ut, men langfredag vart dei kalla ut til eit skred på Ørskogfjellet. Aksjonen vart avblåst før skredgruppa fekk rykt ut.