Rødseth starta laksefisket i elvemunningen i tolvtida fredag, og ikkje lenge etter beit det på fluga hans.

– Han var frykteleg tung og sterk, så eg skjøna raskt at det var ein stor krabat. Han gjekk ut med all lina og stod og stanga i brukaret under fossen, seier Rødseth. Etter kring ein halv time var laksen innan rekkjevidd, og han fekk hjelp til å hove han på land.

Der hang han, blank og fin, og til stor fascinasjon for dei andre fiskarane.

– Det er ein nydeleg fisk. Perfekt og lytefri, og med lite lus. Han er som ein nyslått sølvmynt, sa Rødseth etter å ha fått studert fangsten.

Kva som skjer vidare med laksen er uvisst. I første omgang er planen å pakke han pent inn og fryse han ned.

– Han er litt i største laget til å røykjast. Kanskje eg burde stoppe han ut? Det byrjar å verte ei stund sidan eg fekk ein med tosifra vekt, seier Rødseth.

Han har fiska i Bondalselva sidan 1972, og fekk ein enno større laks på byrjinga av 80-talet. Og det er i Bondalselva han trivst best.

– Det er flott her om sommaren. Fantastisk natur, ei rein og fin elv å fiske i, og kort veg frå campingplassen til elva, seier han.

Til saman har det vorte fanga kring tretti laks i Bondalselva til no i år. Fredag såg det ut til å losne litt. Då Møre-Nytt var på staden like før klokka 14, hadde det allereie vorte fanga fire laksar.

– Det har vore dårleg fiskeri grunna låge temperaturar, nordavind og ei kald elv. Men fredag snudde det plutseleg.