Det er trafikkampanjen “Si ifra” som startar denne helga og varer til midten av mai.

Sidan ungdom mellom 16 og 24 år er den gruppa som er mest utsett for ulykker i trafikken, er kampanjen retta mot dei. Målet er å redusere talet på skadde og drepne ungdomar i bil.

Kampanjen byggjer på at dei fleste unge er positive og fornuftige ungdommar med gode haldningar til trafikktryggleik. Det er eit mindretal som gjennom sin åtferd står for den spesielt risikofylte køyringa med bil.

- Ta ansvar

– Med synlege kontrollar og informasjon legg vi i Statens vegvesen og politiet vekt på å støtte og oppmuntre den positive ungdommen til å ta ansvar og setje grenser for kva dei ønskjer å vere med på eller ikkje, seier koordinator for “Si ifra” Annette Henden i Statens vegvesen.

“Si ifra”-kampanjen er gjennomført i store delar av landet tidlegare.

Politiet og Statens vegvesen varslar kontrollar på bestemte tidspunkt i heile fylket. Laurdag 12. mai frå klokka 16 vil dei kontrollere trafikantar i Ørsta og Volda.