– Vi kjøpte ein draum, men før vi har kome skikkeleg i gong har draumen vorte amputert.

I juli i fjor kjøpte Bjørg Anita Aam og sambuaren Jan Magnar Yksnøy draumegarden på Sporstøylen. Men idyllen har fått ein solid brest. Nyleg oppdaga dei at ein stor bit av marka deira er regulert vekk til hestesportsanlegg i den nye kommunedelplanen. Dei måtte lese det i avisa.

– Vi er midt i flytting og oppussing av nytt hus og sal av gammalt hus. Det er mykje som skjer, og vi har rett og slett ikkje fått med oss at marka vår var foreslått vekkregulert no, fortel Bjørg Anita.

Ho har klatra over gjerdet til dei 50 sauene som nyt livet og graset på markane på garden på Sporstøylen. Dei flokkar seg om henne. Ho er tydeleg populær. Sauene og to hestar har flytta inn i fjøsen, og familien flyttar etter til huset på garden i løpet av sommaren, når oppussinga er ferdig.

– Å vere bonde er ein livsstil som eg elskar, seier ho, medan ho gir kos til ein svart krølltopp.

Dei starta med seks sauer på familiegarden til faren til Bjørg Anita for nokre år sidan, men gledde seg no over å ha fått sitt heilt eige gardsbruk.

Den tidlegare eigaren av garden fortalde familien på fire at det var foreslått hestesportsanlegg i området. Han protesterte på dette tidleg i prosessen.

– Vi tenkte difor ikkje meir på det. Og kommunedelplanen var for Ørsta sentrum og Hovdebygda. Eg tenkte faktisk ikkje på Sporstøylen som ein del av sentrum, innrømmer Bjørg Anita.

Og no er det for seint. Kommunestyret vedtok ny kommunedelplan i møte 11. juni.

– Kommunen har nok følgt lovar og reglar, men eg er lei meg for at eg ikkje fekk vere med og påverke politikarane i denne saka. Vi har ikkje fått noko informasjon, og kommunen opplyser at dei ikkje er pliktige til å sende oss brev om dette. Det var inga god kjensle å måtte lese om det i avisa.

Marka skal dei bruke til å skaffe fôr til dyra på garden.

– Kommunen seier at vi kan få til ei ordning der vi leiger oss mark, men vi kan ikkje drive å flytte på 50 sauer rundt om i kommunen når vi har vår eiga mark rett over vegen.

Særleg i år ser ho verdien av å ha stor eigedom. Sauene er seint ute til sommarbeitet. Kaldt vêr gjer at det er lite mat i fjella, og sauene må vere ekstra lenge på garden. Då er det fint å ha tilgang på mat i umiddelbar nærleik.

– Og det skal godt gjerast å lage fast grunn til hestane på denne marka. Eg er fortalt at der er fem meter med myrmold, fortel ho.

Bjørg Anita understrekar at ho gjerne ser at det kjem eit hestesportsanlegg i bygda, ho vil berre ikkje ha det på sin eigen eigedom.

– Eg har hestar sjølv eg, så det handlar ikkje om det, men eg veit at der er andre som har kome med tilbod om grunn til hestesportsanlegg, berre at det ikkje er heilt sentrumsnært. Eg håper at saka kan få si løysing ein annan stad. Kanskje er der nokon som kunne tenke seg å avsjå grunn til eit slikt anlegg, ein stad der det ikkje er aktivt gardsbruk, slik som her.

Forstår

Plansjef Gunnar Wangen i Ørsta kommune seier at han har forståing for at Bjørg Anita og familien er skuffa over det som har hendt.

– Men som ho sjølv seier, så har ikkje kommunen gjort noko gale. Vi har fått med oss at det har kome ein merknad frå den tidlegare eigaren, og denne er også politikarane informert om. Når vi handsamar kommunedelplan er det slik at vi ikkje kan varsle alle grunneigarane som vert omfatta av planen. Alle berørte må orientere seg gjennom kunngjeringar og omtalar, som vi har hatt fleire av. Det er viktig å vere vaken på dette.

Wangen fortel at det er gjort ei grundig vurdering før Sporstøylen vart valt som best eigna stad for eit hestesportsanlegg, og at det er rekna for å vere det minst konfliktfylte alternativet, også med tanke på landbruksomsyn. Den vedtekne kommunedelplanen er juridisk bindande, og det er såleis ikkje mogleg å klage på vedtaket.

– Vi synest det er veldig leitt. Litt av idyllen vil også verte vekke, seier Bjørg Anita.

Ho fortel at ho uansett vil protestere på vedtaket, og at ho har naboane med seg.

– Eg har ikkje råd til å sleppe denne saka.