Det seier tindevegleiar Sverre Hjelmeland i Norgesguidene. For andre året på rad arrangerte han og selskapet skicamp i Sunnmørsalpane siste veke, med base på Sæbø.

Saman med kollega Sigbjørn Veslegard hadde dei ansvaret for tolv gjester. Dei vart tekne med på fire toppturar på dagtid, og på ettermiddag og kveld var det avslapping med god mat og drikke på fleire stader i Hjørundfjorden.

– Onsdag og torsdag åt vi middag på Sagafjord Hotell på Sæbø, fredag åt vi middag på Rekkedal gjestehus, og laurdag åt vi på Christian Gaard på Trandal. Det er noko av poenget med dette opplegget. Vi skal bu godt, på Sagafjord hotell, vi skal ete godt og drikke godt. Eg ynskjer å ta gjestene med, ikkje berre ut i naturen, men også oppleve det flotte som er skapt av matkultur i Hjørundfjord-området.

Møre-Nytt møtte Hjelmeland og skituristane torsdag ettermiddag. Då hadde dei akkurat kome tilbake til Sæbø etter ein tur til Sandhornet i Ørsta.

– Det vart ein fin dag, der vi hadde litt snøvêr då vi var nær toppen. Men så stoppa det å snø, og det vart godt lys til ei fin nedkøyring, fortel Hjelmeland.

Kvar turane går, vert ikkje avgjort før under frukosten.

– Det er ver, føre og eventuell skredfare som avgjer kvar vi skal gå. Under middagen kvelden før gjev eg nokre alternativ for kva som er sannsynlege mål dagen etter. Under frukosten tek vi avgjerda om kva som vert turen. Vi leiger minitaxi og skyssbåt, slik at vi ikkje er avhengige av å gå tilbake til utgangspunktet når vi skal ut på tur. Det opnar for turar som t.d. Standal – Sæbø, Kvistaddalen, Skårasalen, Skår, og ikkje minst drøymetruren frå Sykkylven til Trandal. Den siste turen er uaktuell no grunna skredfare, fortel Hjelmeland.

Det er altså avgrensa kor mange som får vere med på desse skicampane. Det skal vere maksimalt seks gjester per førar, slik at deltakargrensa i år var sett til tolv. Det kostar ein del å vere med.

– Vi har ikkje ei veldig aktiv marknadsføring av desse turane. Det går mest på jungeltelegrafen. Det som er artig og krevjande er at det på desse turane kjem folk med ulikt ferdigheitsnivå. Det kan vere veldig røynde folk, og folk som sjeldan går toppturar. På andre opplegg vi har, er det ofte vennegjengar der ferdigheitene er ganske like, fortel Hjelmeland, som i tolv år har arrangert slike turar saman med Norgesguidene.

To av dei som var med på skicampen på Sæbø sist veke var Monica Fiksdal frå Trøndelag og Kristian Mentzoni frå Østfold.

– Viss du lurer på kvifor vi er med på eit slikt opplegg, er det berre å sjå ut, og sjå denne naturen. Eg håper vi i alle fall på ein av turane får eit slikt ver at vi kan sjå det meste av fjell- og fjordlandskapet, seier Fiksdal.

Ho legg også vekt på at det er røynde fjellførarar som arrangerer skicampen.

– Det handlar ikkje berre om å gå på ski, men også å lære seg det å vere i fjellet, korleis vi skal vurdere vtryggleik, skredfare osb., fortel Fiksdal.

Turen til Sandhornet synest dei var flott.

– Det er noko spesielt å gå oppover. Det kan vere brett, og det er litt dårleg sikt. Så er vi oppe, veret vert betre og landskapet opnar seg. Det er ein draum å vere med på dette, seier Fiksdal.

Metzoni legg også vekt på ei anna punkt.

– Det å kunne gå frå kote null. Det er heilt spesielt. Det kan vi ikkje gjere mange andre stader. Dette er heilt spesielt for ein østfolding som meg. Dette er faktisk eksotisk, seier han.