– Vi kan ikkje kjøpe ei miljøbombe, seier lege Jørgen Sortland til Møre-Nytt.

Som kjent ligg no kommunen si tomt på det tidlegare Mørebil-området i sentrum ute for sal med ein prislapp på sju millionar kroner.

Fastlegane fekk i fjor haust utarbeidd eit prospekt for området. Planen deira er at første etasje i bygget, og eventuelt andre etasje, skal innehalde legesenter, fysikalsk institutt, apotek og kafé. Dersom kommunen ønskjer det vil bygget også huse helsestasjon, jordmorteneste og lokale til kommuneoverlegen. I øvste etasje ser fastlegane føre seg seniorleilegheiter.

God interesse

No har tomta lege ute for sal nokre veker og det er god interesse for området. Og fastlegane er innstilt på å kome med eit bod. Men først vil dei ha avklara om tomta inneheld miljøavfall. Tidlegare var det ein Esso-stasjon på området, og det vert spekulert i om grunnen difor kan vere oljeureina.

– Dette veit vi ikkje, difor skal vi i neste veke gjennomføre ei synfaring på tomta saman med ein meklar og ein fagmann for å undersøke området nærare, fortel Jørgen Sortland. Han gjer det klart at større mengder miljøavfall, som må handterast på ein spesiell måte, kan vere svært fordyrande i høve eit kjøp. Slik masse kan ikkje brukast til fyllmasse.

Atterhald

Sortland ser føre seg at eit eventuelt kjøp kan gjerast med atterhald om større mengder miljøavfall, og at kommunen då har ansvaret for dette.

– Dei gamle bygningane på området kan innehalde asbest og eternitt som kan vere kreftframkallande. Dette er også moment som må takast med i ei kjøpsvurdering, seier Sortland.

Viss alt ser bra ut i grunnen kjem fastlegane til å leggje inn bod på Mørebil-tomta.

– Vi held førebels motet oppe og kryssar fingrane for at vi kan få etablert eit skikkeleg helsesenter på denne tomta om ikkje så lang tid, seier Jørgen Sortland.