– Eg er veldig spent. Eg har faktisk aldri vore i Ørsta, men eg har høyrt veldig mykje fint. Eg har eit godt inntrykk av kulturlivet og av folket. Det er i det heile teke mykje som freistar med å flytte, fortel Torstrup.

Ny fase i livet

I dag bur Torstrup i Stavanger saman med mannen. Ho har tidlegare vore vikarprest i fleire år i Stavanger bispedøme og ho har undervist som lektor i vidaregåande skule. I dag driv ho eige firma der ho jobbar med par og familiar.

– Dette er erfaringar som er gode å ha med seg i jobben som prest, trur Torstrup.

No er ho klar for å prøve noko nytt.

– Eg føler at eg er i ein ny fase i livet. Skal eg gjere noko heilt anna, så må eg gjere det no. Eg har store barn. Den yngste er i militæret og skal studere etterpå, han i midten vil også studere, og eldstemann er utdanna organist og har jobb i Oppdal, fortel ho.

Litt sunnmøring

Tostrup har søkt på jobbar litt ulike stader i landet, men då ho fekk jobbtilbod i Ørsta var ho klar.

– Eg får ei god kjensle når eg høyrer sunnmørsdialekten. Mormor og morfar var frå Ålesund, og morfaren min var prest der for mange år sidan. Eg kjenner meg knytt til Sunnmøre, sjølv om det er fleire år sidan eg hadde nær slekt der.

Det har aldri tidlegare vore tilsett ein kvinneleg sokneprest i Ørsta, men Tostrup gler seg til å ta fatt på oppgåvene.

– Eg har såpass lang erfaring, og eg har stort sett berre positive opplevingar med det å vere kvinneleg prest.

Matias Austrheim går av med pensjon i september, og det er også då Tostrup tek sikte på å vere på plass i Ørsta.

– Alt er ikkje heilt avklart enno, men når prestebustaden er klar, så vil vi kome, fortel ho. Også ektemannen vert med på flyttelasset.

– Men eg trur ikkje vi klarer å vente heilt til september. Vi må nok til Ørsta i sommar for å kike litt og for å helse på folk. Eg gler meg veldig.