Søndag inviterte alpingruppa i Åmdal IL og Bjørdal grunneigarlag til familiedag ved Dalsvatnet. Folk strøymde til arrangementet, og dei aller fleste nytta høvet til å delta på rebusløp og ta turen rundt Dalsvatnet.
Ingrid Ada Sævik Erdal frå Oslo og Sigrid og Syver Sævik Nilsen frå Sykkylven hadde teke turen til Dalsvatnet, og tok ein tur med hest og kjerre.