Ragna Riise har vore besøksven i regi av Røde Kors i 30 år. Annakvar veke i alle desse åra har ho spelt gitar og hatt songstund for dei som bur på Hjørundfjordheimen.

Ragna er framleis aktiv, sjølv om ho er 86 år.

– Eg er eldre enn mange av bebuarane, men eg har ikkje tenkt å gi meg før eg må, smiler ho.

Ragna synest arbeidet er meiningsfullt.

– Kva gong vi kjem lyser ansikta til dei som bur her opp. Vi merkar at det betyr mykje for dei. Først har vi ei avdeling med lette songar, og etterpå nokre med litt djupare tekster. På den måten vert alle fornøgde, forklarer den erfarne besøksvenen. Medan nokre av damene syng, hjelper andre dei eldre med å blade i songboka. Det er ei bok med ekstra store bokstavar.

Glede andre

– Kva gir denne jobben deg?

– Det betyr svært mykje for meg å kunne glede andre, seier Ragna ærleg.

Det var etter at mannen hennar døydde at ho kjende at ho trong å ha ei slik teneste.

– Miljøet mellom oss besøksvener er veldig godt, fortel veteranen Riise.

Med seg på laget på Hjørundfjordheimen har ho: Karin Flatnes, Elis Sporstøl, Inger Riise, Ranveig Nygjerde, Sol Valset og Petra Tvergrov.

Trekkspel og song

Den første helga i advent brukar Røde Kors å arrangere to festar for dei eldre. Ein på Hjørundfjordheimen og ein på Ørstaheimen. På desse festane kjem besøksvenene frå heile Ørsta kommune for å hjelpe til.

Dei inviterer også alltid nokre som kan underhalde med musikk og song.

I år var 6.-klassingane Karoline Årseth Dimmen og Thea Karin Flatnes på besøk, og Leif Øie og Hallvard Urke. Jentene song og karane spelte trekkspel.

– Vi var her i fjor også. Det var då vi fekk desse nissehuene som takk, kunne jentene fortelje.

Dei song "Marias lille barn" og "Nå tenner vi det første lys".

Matbordet denne ettermiddagsstunda minte mest om eit kakebord frå eit bryllaup. Det mangla verken vått eller tørt for dei som var til stades.

Leif Øie og Hallvard Urke var inviterte til å spele trekkspel. (Foto: Ingvild Runde)