– Føretaksgrensa mellom Helse Vest og Helse Midt-Norge er i dag ei kunstig hindring for det som elles kunne ha vore naturlege pasientstraumar, skriv hovudtillitsvald for overlegane ved Volda sjukehus, Odd Frode Aasen, i eit brev til styreleiar i Helse Møre og Romsdal, John Harry Kvalshaug. Brevet er også signert føretakstillitsvald Bernd Müller.

Overlegane vil ha politisk sak om spørsmålet kring eventuelle framtidige justeringar av opptaksområda.

Sentrale premissar

Arbeidet med «Utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal» som tek føre seg det totale sjukehustilbodet til innbyggjarane i Møre og Romsdal, skal vere avslutta i juni.

– Vi saknar ei avklaring av ein heilt grunnleggjande føresetnad: Storleiken på opptaksområdet for Volda sjukehus og eventuelle endringar i føretaksgrensa vil vere heilt sentrale premissar.

Legane seier at eit vedtak om framtidig sjukehusstruktur vil få store konsekvensar på kort, mellomlang og lang sikt, og difor ikkje kan vere basert på føresetnader frå i går.

Kortare reisetid

Dei viser til at innbyggjarar i fleire av Volda sine sørlege nabokommunar har fått merkbart kortare reisetid til Volda sjukehus samanlikna med reisetid til tilsvarande tilbod i Førde, etter at Kvivsvegen opna.

– Det vil ha vore meiningslaust å ha brukt milliardar på ny kommunikasjon dersom dette ikkje gir betring i ulike tilbod til innbyggjarane, inkludert kortare reiseveg til sjukehus der dette er relevant.

Legane viser også til ein jamn auke av pasientstraumen frå Nordfjord etter at Kvivsvegen opna.

Politisk sak

Overlegane meiner at Kvivsvegen har medført ein auke i Volda sjukehus sitt naturlege opptaksområde med nærare 22.000 pasientar, og fleire dersom også Gloppen og indre delar av Stranda vert medrekna.

– Det er difor naudsynt med ei politisk avgjerd av spørsmålet kring eventuelle justeringar av opptaksområda. Vi ber styreleiar om å ta initiativ til dette, bed overlegane.