Med Sunnmørsalpane som næraste nabo er friluftsliv populært i Ørsta, i tillegg til andre sportsaktivitetar. For mange vil julegåvene under treet innehalde gåver relatert til aktivitet, og på Sport 1 i Vikegata held mykje av trendane i julehandelen seg.

– Det går alltid litt langrennsski og alpinski til dei yngre. Dei vaksne ventar gjerne til nyåret og ser litt an vêret. Det går også mykje ullundertøy og litt meir ytterjakker, seier dagleg leiar Syver Nupen.

– Påverkar vêret kva kundane handlar?

– Det gjer det heilt klart. Det hadde nok gått mykje ski om det hadde vore kvitare ute.

– Toppturar har vorte populært dei siste åra. Er utstyr til slike turar noko som også er populært blant kundane?

– Det er nokre som får det under treet i år, men både vêr og føre spelar ei rolle også her, seier Nupen.

– Godt nøgd

På G-Sport er Kenneth Nydahl nøgd med julehandelen sjølv om vêret ute ikkje tilseier at det er vinter.

– Julehandelen er vi godt nøgde med. Samanliknar vi julemånaden som har vore med i desember i fjor så er det pluss. Det kvite gullet uteblir, men alt i alt så er vi godt nøgde.

– Er det nokon trendar i julehandelen i år?

– Opplevingar, toppturar og bruk av fjellet er populært. Utstyr til dette går det mykje av, og sendar og mottakar med tanke på snøskred har det gått meir av no enn på dei tre siste åra. Det er veldig positivt at folk tenkjer søkar, spade og søkestong når dei har tenkt seg på tur. I tillegg så er kle og sko populært, seier Nydahl.