Øvinga fann stad i lunsjtida, då ei fiktiv gasslekkasje på meieriet skulle teste rutinane for evakuering av barneskulen like ved. Beredskapsøvinga var eit samarbeid mellom kommunen og skuleleiinga, der det nye UMS-varslingssystemet spelte ei sentral rolle.

Ordførar Rune Hovde er godt nøgd med øvinga fredag. Etter eit evalueringsmøte mellom dei involverte var konklusjonen at det aller meste gjekk som planlagt.

– Summa summarum synest eg det held til karakter fem pluss.