Norddal er den største landbrukskommunen i Møre og Romsdal, om vi reknar del bebuarar på gardsbruk. Ørsta og Volda kjem ut midt på treet på denne oversikta. Det har vore nedgang dei siste åra, og  Noregs Bondelag fryktar at dette vil fortsetje.

Statistisk sentralbyrå (SSB) kunne nyleg presentere ei oversikt over kor mange personar som er registrerte buande på ein landbrukseigedom i kvar norske kommune. Ut frå denne er det dermed lov til å kåre den største”bondekommunen” i landet. Tolga kommune i Hedmark er vinnaren, for der bur over halvparten av innbyggjarane (53%) på landbrukseigedomar.

Alle i familien

Å kalle det ein bondekommune er sjølvsagt ikkje helt korrekt, då det ikkje berre er bønder som bur på ein landbrukseigedom. Og barna som bur her er sjølvsagt med i tabellane. Men statistikk over bønder går uansett hand i hand med denne.

Oversikta fortel oss at det ved inngangen til 2013 budde det 1.899 personar på landbrukseigedomar i Ørsta kommune. SSB viser til at tala omfattar berre landbrukseigedomar med minst fem dekar jorbruksareal eller minst 25 dekar produktivt skogareal.  I Volda kommune er det 1.474 personar som bur på eit slikt gardsbruk.

Nedgang

Delen innbyggjarar busette på landbrukseigedomar i Noreg har gått ned frå 9,6 til 8,5 prosent på berre seks år, noko som må seiast å vere ein ganske stor nedgang på få år.

- Årsaka til nedgangen har fyrst og fremst samanheng med den kraftige strukturrasjonaliseringa som vi har i landbruket, seier generalsekretær Per Skorge i Noregs Bondelag.

- Jorda på gardsbruk som blir lagd ned driftast i stor grad av nabobruk som leigejord, men store areal går også ut av drift. Bustadene på gardsbruka vil i sentrale strøk verte nytta vidare som bustad, men i område med små sysselsetjingshøve går bustadene ofte over til fritidsformål, forklarer han.

Størst del

Dersom vi reknar delen busett på landbrukseigedomar i Ørsta, så kjem vi til 18,4 prosent. Sett i forhold til landsgjennomsnittet er jo dette ein nokså høg del, men då må vi ha i minne at det er veldig mange menneske i storbyane som trekkjer delen ned. I forhold til kommunetabellen, stiller saka seg litt anderledes - då Ørsta er Noregs 219. største ”bondekommune” blant dei 428 kommunane. Volda er her på 234. plass.

I Møre og Romsdal er det totalt 32.295 personar som bur på landbrukseigedomar. Dette utgjer 12,6 prosent av alle som er busette i Møre og Romsdal. Den aller største delen har Norddal kommune, som har 754 ”bønder med fam” og dermed ein del på nær 42 prosent i kommunen. Deretter følgjer Rindal kommune med dryge 40 prosent.

Fryktar nedgang

Regjeringa har som mål å auke matproduksjonen i Noreg. Skal vi klare det, så meiner bondelaget at arealressursane må brukast til matproduksjon.

-  Det må leggjast til rette for at aktive matprodusentar får tilgang til desse areala. Dagens utvikling går i feil retning i og med at rikelege areal går ut av drift, understrekar Skorge.

Han trur at busetnaden på landbrukseigedomar vil fortsetje å gå ned i Ørsta, Volda og resten av Noreg, og fryktar at dagens regjering vil hjelpe til dette.

- Landbrukspolitikken må leggje til rette for at bruk av areala blir brukt til matproduksjon over heile landet. Ei liberalisering av omsetninga av landbrukseigedomar, slik regjeringa ønskjer, vil sannsynlegvis bidra til å auke mengda fritidseigedomar og delen passive eigarar. Det vil redusere delen innbyggjarar som bur på landbrukseigedomar ytterlegare, seier han.

Generalsekretær Per Skorge i Noregs Bondelag.