Lesarane har klikka seg inn på morenytt.no fleire millionar gonger i året som har gått. Nokre saker har vore meir populære enn andre, og under gir vi deg dei mest populære sakene.

1. 14. juli i fjor forvilla ein turistbuss seg gjennom Aldalen og køyrde seg bom fast i Vatnesvingane. Det vart ein dårleg start på helga for dei utanlandske turistane som skulle til Sæbø. Turistane vart henta med taxi og bussen vart etter kvart fjerna. Saka vart den mest leste på morenytt.no i 2017.

2. I april vart lappar som oppmoda om deltaking i demonstrasjon mot homofile lagt ut i postkasser over heile Volda. Det kom mange reaksjonar på hendinga og engasjementet var stort.

3. I byrjinga av mai kom Aune Sand på besøk til Ørsta og Volda. I tillegg til å ha utstilling gav han vekk kunst til ein verdi av 500.000 kroner til Hjørundfjordheimen og Volda sjukehus. Kunstsjokket for dei tilsette på Volda sjukehus vart ei populær sak.

4. I september vart over 2.000 bilar kontrollerte på E39 på Hagen i Ørsta. Storkontrollen varte i ti timar og alle bilane som køyrde på vegen vart stoppa.

5. Hans Reite sitt åtak mot homofile skapte stort engasjement. Sokreprestane i Ørsta og i Volda sitt lesarinnlegg var det mange som las.

6. I oktober vart Ørsta-Volda pride skipa.

7. I september gjekk politiet ut med ei video av ei forbikøyring i Barstadvik til skrekk og åtvaring.

8. Dyre bilar samla seg ei helg på Sæbø i september. Det var ein privat samlar som var på rundreise med bilane, og dei fekk mykje merksemd.

9. Gjenopning av ein klassisk utestad i Volda var populært lesestoff. I november vart det klart at Porsekjellaren opna att i romjula.

10. Det regna i starten av august, men deltakarane i Saudehornet rett opp gav jarnet. I fjor var det Johan Bugge og Åse Iren Sætre som gjekk til topps i herre- og dameklassa.