Hendinga som mannen var tiltalt for skjedde 4. november i fjor. Mannen køyrde ifølgje tiltalen bil i Hovdebakken i Ørsta medan han var rusa. Toksikologi som politiet gjennomførte viste at mannen hadde promille på 2,28 under ein time etter at køyringa fann stad.

I retten kom mannen med ei atterhaldslaus tilståing.

Påtalemakta la ned forslag om at straffa vart sett til 24 dagar i fengsel, i tillegg til ei bot på 29.500 kroner. I tillegg til at mannen måtte tåle tap av førarretten i ein periode på to år og seks månader.  Retten la i straffeskjerpende retning vekt på at mannen hadde svært høg promille, og at køyring fann stad i delvis tettbebygd strøk.

- Dermed representerte handlinga ein stor risiko for andre trafikantar og fotgjengarar, i tillegg for den sikta sjølv. Retten legg vidare i straffeskjerpende retning vekt på at den sikta hadde ein passasjer i bilen.

Grunna tilståinga i retten fekk mannen fire dagar fråtrekk i fengselsstraffa. Mannen vart dømd til 24 dagar i fengsel og dømd til å betale ei bot på 11.400 kroner. I tillegg vart mannen dømd til å tåle tap av førerretten i ein periode på to år og fem månader.

Den domfelte erklærte at han tok betenkningstid etter at dommen vart forkynt.