"Tilbake til start" var overskrifta på førstesida til Møre-Nytt 2. februar. Då hadde Samfunnsutvalet nullstilt striden rundt Osgeila, og bede Skjåk kommune vere settekommune i vidare sakshandsaming. Seinare vart det bestemt at Ulstein skulle gjere jobben.

Osgeil-saka har utgangspunkt i eit gjennomkøyring forbode skilt som få har respektert. Spørsmålet er då om det skal bli bom i geila, eller andre tiltak som sikrar mjuke trafikantar.

23. februar var Osgeila på førstesida igjen. Då sa leiaren kontrollutvalet, Sven Castberg at det hadde vore openberre feil i saksbehandlinga, og han varsla full gjennomgang.

Snøkanon i barnehage

Snøen let vente på seg, men i Hovdebygda barnehage visste dei råd. Dei skaffa seg snøkanon, og dermed fekk ungane akbakke og anna snømoro.

Møre-Nytt fekk ny leiar i februar. Svein Aam (56) vart tilsett som redaktør og dagleg leiar i februar, og tok til i jobben i juni.

Næringslivet i Ørsta gjer det bra. Og møbelbransjen kom på offensiven. "Fora Form auka omsetnaden med seksten prosent, og betra resultatet med fem millionar kroner", skreiv Møre-Nytt 18. februar.

25. februar var ei anna næringslivsnyheit på framsida. "Brit får gammal draum oppfylt", var overskrifta. Brit Aarseth (78) hadde tatt over Alpehytta på Standaleidet, og  blitt turistvertinne.

"Endeleg i eigen heim" var oppslaget 28. februar. Sunniva Myrold (23) kunne flytte inn i eiga leilegheit i Dalevegen, der det er ein bustadseksjon for unge med ekstra utfordringar, knytt til Bakk-Ola- marka. "No er det kjekkare å vere meg", uttalte Sunniva Myrold.