– Dette er ikkje ei sak eg ser som avgjerande i reformprosessen, seier ordførar Jørgen Amdam (Ap) i Volda til Møre-Nytt.

Det var Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Volda som, med støtte frå partilaget i Ørsta, tok opp saka om kva kommune Bjørke skal høyre til før jul. 19. mai er det planlagt folkerøysting om kommunesamanslåing i både Ørsta og Volda.

MDG ønskjer at innbyggjarane i Bjørke krins, som i dag høyrer til Ørsta, skal få eit tilleggsspørsmål om kva kommune dei vil høyre til dersom det ikkje blir samanslåing.

– Det er både snodig og tungvindt at innbyggjarane i indre Hjørundfjorden må køyre mange mil gjennom ein annan kommune for å kome til sitt eige kommunesenter, skreiv partiet i ei pressemelding.

– Vi har fått sterke indikasjonar på at dette er noko folket på Bjørke støttar, sa leiar i MDG Ørsta, Bjørn Helset.

Sjukehus

Tysdag skreiv Møre-Nytt at det kan bli aktuelt å slå saman Ørsta, Volda, Hornindal og Stryn i byte mot at regjeringa ikkje legg ned akuttkirurgien ved Volda sjukehus. Seinare i månaden skal ordførarane i Ørsta og Volda i møte med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner om temaet.

– Eg ser det ikkje som realistisk å ta med denne saka på Bjørke i tillegg til alt det andre som no står på plakaten i denne prosessen, seier ordførar Stein Aam (Sp) i Ørsta.

– Dette blir ikkje ei aktuell problemstilling dersom Ørsta og Volda blir slått saman, så difor ser eg ikkje ei slik folkerøysting som aktuell per i dag, seier Jørgen Amdam.

Vil samarbeide

Ordføraren i Ørsta trur heller på ei framtid der kommunane samarbeider om å levere tenester til stader som Bjørke.

– Det er klart at Bjørke er i ein spesiell situasjon, i og med det er kortare veg til både Grodås og Volda enn det er til Ørsta. Det må vi ta omsyn til, og eg ser føre meg samarbeid med både Volda og Hornindal om tenester i framtida. Allereie i dag går skuleelevane på Bjørke på skule i Austefjorden. Dette fungerer godt, og eg trur eg vi vil sjå meir av dette framover, seier Stein Aam.

Ordførarane Stein Aam i Ørsta (t.v.) og Jørgen Amdam i Volda seier nei til ei folkerøysting om kva kommune Bjørke skal høyre til.