Prisen skal delast ut kvart år til arbeidsplassar som verdset dei beste helsefremjande tiltaka og prosessane som medverker til trivsel, godt arbeidsmiljø og høgare nærver.

Hjørundfjordheimen fekk prisen mellom anna fordi dei over lang tid har lagt stor vekt på trivsel, og at alle tek del. I grunngjevinga frå arbeidsmiljøutvalet heiter det at Hjørundfjordheimen har ei tydeleg leiing som viser veg og som samstundes gjev personalet fridom under ansvar, noko som gjer at dei tilsette veks som arbeidstakarar.

Prisen vart delt ut på kommunestyremøtet torsdag.

Les meir om tildeldinga i papiravisa laurdag.