Meteorologane kansellerte ekstremvêret Nina for Møre og Romsdal, men lågtrykket fører til høg vasstand, estimert til 60-75 cm over høgda som er oppgitt i tidevasstabellane.

Estimert tidevatn var 198 cm klokka 13.53 laurdag. Etter dette skal vatnet gå ned att.

Les også: Nina kjem ikkje til Møre og Romsdal

På Ose gjekk elva over sine breidder og tok seg inn i hagar og på leikeplassen ved Velle skule.

I sentrum gjekk vatnet over kaia ved Ørsta Bruk og ved Kaihuset.