Det framgår i dokumentet som den nye maktkoalisjonen (KrF, Høgre, FrP, Venstre og Ferjelista) i Volda la fram då dei presenterte den nye politiske plattforma førre onsdag.

Det var FrP med listetopp Jon Georg Dale i spissen som fekk gjennomslag for å spare lokalbefolkninga for ein eventuell bompengering.

Når det lokale finansieringsgrunnlaget for ein eventuell Volda-tunnel no fell vekk, fryktar Aarflot Kalland at byggjestarten vert utsett i minst fire år.

I beste fall til ein ny koalisjon eventuelt er på plass. I verste fall på ubestemt tid.

Utelukka

– No er det all grunn til å frykte at det ikkje vert nokon tunnel dei komande åra. Det er positivt at Statens vegvesen arbeider med ei utgreiing av situasjonen, men det er nok lite truleg med ei realisering av tunnelen frå Rotset til Furene dersom alternativet om lokale bompengestasjonar no er utelukka, seier Kalland.

– FrP hindrar utvikling

Ordføraren meiner FrP stikk kjeppar i hjula for ei sak som til no har utvikla seg i positiv retning.

– Før valet var alle politikarane samde om at ein måtte finne ei løysing på spørsmåla kring Voldatunnelen. Når FrP no utelukkar bomstasjon i Volda så meiner eg at dei hindrar utviklinga, seier ho.

Trafikkfarleg

– Kan det verke som om den nye konstellasjonen ikkje er like interesserte i å byggje Voldatunnelen?

– Eg sit på utsida, og eg kan ikkje uttale meg om kva som vert diskutert på innsida. Det eg kan seie er at ein kan få fleire trafikkfarlege situasjonar med den auka tungtransportane. Då er Voldatunnelen ei fullgod løysing som ein bør vurdere, seier ho.

Aarflot Kalland understrekar at ei av målsetjingane for ein stamveg er nettopp at det skal gå raskt å kome seg frå A til B og dermed unngå flaskehalsar.

– Tunnelen vil vere positiv for både Volda og Ørsta.

2020

Det er kalkulert med at trafikken gjennom Volda i snitt kjem til å auke med 1.700 køyrety etter opninga av Kvivsvegen 22. september 2012.

Sett vekk ifrå bompengeløysinga, kan ein håpe på statleg finansiering.

Det vil kunne ta langt meir tid, og sidan det ikkje ligg føringar for eit slikt prosjekt i Nasjonal Transportplan, er det lite sannsynleg at ein vil få bygd noko tunnel før tidlegast 2020.

Det vil spesielt gje problem for utsette kryss i bygda, som til dømes i brukrysset ved Spinneriet, og ved utgangen av ferjeleiet på Vikeneset, vert det frykta.