Det seier styreleiar for senteret, Hjørdis Almelid Vikenes. Styret hadde måndag hastemøte i samband med signala frå rådmannen om at aktivitetssenteret er mellom ikkje lovpålagde oppgåver som kommunen kan kome til å vurdere å avvikle i ei tid då den kommunale pengesekken er fullstendig tom. Alle steinar må snuast, er varselet frå kommuneadministrasjonen.

Møteplass

Aktivitetssenteret på Bakk Ola-marka er ein møteplass for pensjonistar og andre som har ønskje om ein treffplass på dagtid.

– Senteret er også ein arbeidstreningsarena for fleire personar, eit viktig tiltak. Ein skal heller ikkje gløyme at kommunen har ansvar for å leggje til rette også til eldre og funksjonshindra, seier styreleiaren.

Aktivitetar

Senteret driv ymse aktivitetar og kafeen, treffplassen, er open for alle kvar vekedag. Senteret har fleire faste aktivitetar, også underhaldning. Elles er det mange utanfrå som nyttar seg av lokala, m.a. laget for hørselshemma, hjarte- og lungeforeininga, revmatikarlaget, pensjonistlaget og hagelaget. Ikkje minst er kommunen sine etatar flittige brukarar, også av møteromma.

– Senteret er prega av entusiasme, samhald og omsorg. Alle føler seg verdsett der. Og alle gjev uttrykk for at det er godt å vere der. Dei tilsette er flinke og fleksible, har godt humør og gjev frå seg varme, rosar Hjørdis Almelid Vikenes.

Furene AS

Ho fortel at kommunen kjem til å gå glipp av vesentlege inntekter ved å avvikle senteret som siste åra har gått med overskot. Drifta kostar kommunen 700.000 i året gjennom avtale med Furene AS. Inntekta frå kafedrifta er kring 100.000 kroner i året.

Rundt 85.000 kroner av driftsutgiftene vert årleg dekt frå gåvemidlar frå m.a. sanitetslaget, pensjonistlaget, basarar, andre lag og sponsorar.

– Tilsette på senteret utfører reinhaldsarbeid for ei halv stilling, ein kostnad på 250.000 i året. Dette må kommunen eventuelt syte for sjølv ved nedlegging, minner Almelid om.

Det same gjeld sentralbord og funksjonen for andre kommunale etatar, oppgåver som aktivitetssenteret også tek seg av. Mellom anna heimebasert omsorg og butenesta nyttar denne tenesta.

– Sentralbordfunksjonen utgjer 250.000 i året, fortel Almelid.

Ho fortel også at sanitetslaget har gjeve fleire hundre tusen kroner til senteret opp gjennom åra.

– Laget har vore ein svært viktig pådrivar for oss. Slikt kjem ikkje fram i kommunerekneskapen, fortel Vikenes.

Leigesatsane

Styreleiaren meiner det bør kunne gå an å justere opp utleigesatsane noko, slik at inntektene kan auke.

– Å vere styreleiar for aktivitetssenteret på Bakk Ola-marka er eit av dei mest meiningsfulle politiske verva eg har hatt. Å oppretthalde dette senteret handlar om at Ørsta skal vere ein del av eit varmt samfunn, seier Hjørdis Almelid Vikenes.

Frå venstre: Annlaug Mork, Ragnhil Ø. Hole, Sigrid Steinnes, Sverre Lundestad, Hjørdis Almelid Vikenes, Olga Bjørdal og Karen Høydal. Framme: Ivar Halse. Foto: Roy-Arne Folkestad