Søknaden frå fotballgruppa i Ørsta IL om eit årleg kommunalt tilskot på ein millionar kroner til ein kaldhall dei komande åra, fekk ingen hurra-rop i formannskapet torsdag.

Tvert i mot var det fleire som var lunkne til søknaden. Søknaden stod ikkje på sakskartet, og vart handsama som ei referatsak.

Kaldhall

Fotballgruppa i Ørsta IL ynskjer å byggje ein kaldhall med sjuarmål mellom kunstgrasbana og Velle skule. Målet er byggjestart til våren.

- Vi har ein plan for idrett- og friluftsliv. Skal vi lukkast med å realisere prosjekta, må vi følgje denne planen. Ein slik kaldhall for fotball er ikkje inne i planen, sa varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF).

Bygdene

Ordførar Gudny Fagerhol (Ap) viste til at ho har fått reaksjonar frå representantar frå bygdeidrettslaga på søknaden. Dei har vist til at Ørsta IL fekk ein stor sum kommunale midlar til kunstgrasbaneutbygginga for å halde denne open for idrettslaga utanfor sentrum.

- Fleire idrettslag meiner det ikkje har skjedd. På den andre sida fortel søknaden om ein svært stor aktivitet og eit stort behov. Det må vi også ta med oss, sa Fagerhol.

Behov

Rune Hovde (H) tvilte ikkje på behovet.

- Skal vi få til noko, er vi nøydde til å følgje ein plan. No må denne saka til administyrasjonen, og så får vi få henne tilbake og vurdert henne i samanheng. Eg skjønar dei som søkjer, men vi er nøydde til å sjå dette samla, sa Hovde.

I og med at saka berre var ei referatsak, vart ho ikkje realitetshandsama.