Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ny trase for E39 mellom Volda sentrum og Furene. Planframlegget omfattar også ei lenging av Torvmyrvegen og arealbruk innan dei områda som er bandlagde for seinare planlegging i gjeldande kommunedelplan for Volda sentrum.

Planframlegget er lagt fram i to alternative vegtrasear (A4 og A5), men den delen av planen som ligg i Ørsta kommune (Torvmyrvegen) er lik i begge alternativa.

Plandokumenta vert lagt ut på www.vegvesen.no/Vegprosjekter/e39volda, og dessutan på sørviskontoret på Ørsta rådhus.

Kommunen opplyser at merknader til planframlegget må vere skriftlege, og skal sendast til Ørsta kommune, plan- og utviklingsstaben. Spørsmål til planen kan rettast til Ørsta kommune ved plan- og miljøavdelinga eller vegvesenet.