– Kommunen har ikkje gitt dispensasjon til å køyre tømmeret over Bondalselva på Kvistad bru, og vil ikkje bruke pengar på ein konsulent som kan kome og vurdere henne, seier Knut Hustad, leiar i Samarbeidsutvalet for bondelaga i Ørsta.

60 år gamal bru

Eit stykke frå garden til Hustad ligg tre tusen kubikkmeter tømmer tilhøyrande grannane sirleg stabla opp langs skogsvegen. Dette er Dagmar-skog som er klart til å verte transportert til Ørstaterminalen og skipa vidare til sagbruka. Men ein flaskehals skaper store problem for tømmerbilane: Kvistad bru vart bygd på 50-talet, og kommunen og Statens vegvesen har ikkje gitt dispensasjon til at det kan køyrast tunge, fullasta tømmerbilar over brua.

– Allskog har difor bestemt seg for å køyre bil utan hengar. Då vert det minst dobbelt så mange lass, og det kan hende tømmeret vert liggjande over vinteren og tape seg enno meir i verdi. Å køyre dobbelt så mange gongar og laste om, betyr dårlegare økonomi for dei som eig tømmeret og mykje meir slitasje på vegen, seier Hustad.

Han meiner kommunen burde trå til og betale det det kostar å få sjekka og eventuelt utbetra brua til tømmertransport.

– Det handlar om einskilde skogeigarar som får betalt mykje mindre enn dei kunne fått, fordi kommunen ikkje syner vilje til å gjere noko. Eg hissar meg opp når eg høyrer folk argumenterer med at storsamfunnet ikkje kan bruke store summar for at nokre få skogbrukarar skal få ut skogen sin. Det er her snakk om mange skogbrukarar og store verdiar, seier Hustad.

– Brua kan ikkje justerast opp

Etter å ha fått førespurnad om å vurdere dispensasjon til tømmertransport på Kvistad bru, har kommunen drive arkiv-arkeologi for å finne teikningane. Då brua i si tid var riksveg, var det ikkje berre-berre å finne teikningane, men hos Statsarkivet i Trondheim dukka dei til slutt opp.

– Teikningane vart sende til bruavdelinga i vegvesenet, som ved hjelp av sine tabellar har rekna ut at det ikkje er råd å justere brua opp til meir enn førti tonn. Eigentleg burde det gått andre vegen, då føresetnaden for utrekningane var at ho hadde fått alt av vedlikehald sidan 50-talet. Det er difor ikkje noko som tilseier at vi kan skru opp akseltrykket utan at det vert gjort ein skikkeleg kontroll med m.a. kjerneboring og sjekk av gamle armeringsjarn. Berre denne kontrollen vil ha ein kostnad på meir enn nitti tusen kroner. Og vi har faktisk ikkje meir enn nitti tusen til vedlikehald av dei kommunale bruene totalt, seier Ose.