Stabilt og tørt vêr er statusen for årets fem første månader. Fram til og med april kom det 468 mm mindre nedbør samanlikna med 2012. Dermed var det også eit håp om at trenden frå årets fire første månader skulle halde seg gjennom våren og sommaren, og det byrja bra med mai.

– Den varmaste dagen i mai var den 20. mai, og makstemperaturen var 26,5 grader. Minimumstemperaturen for månaden var 0,7 grader. Dette gjev eit snitt på 10,6 grader, og det er 1,6 grader over normalen. Det kom 84 mm med nedbør, og normalen er 85 mm. Det kan også nemnast at 17. mai var makstemperaturen 25,2 grader, seier Arild Stokke.

67 mm over normalen i juni

Målingane til Stokke i Ørsta viste i fjor at juni vart ein våt månad med 130 mm med nedbør, og i år vart starten på sommaren enno våtare.

– Makstemperaturen for juni var 22,4 grader den 11. juni, og minimumstemperaturen var på 3,9 grader for månaden. Snittet var 11,8 grader, og det er 0,1 grader over normalen. Totalt kom det 160 mm med nedbør, og normalen er 93 mm. Så det kom ein god del meir nedbør enn normalen.

Våt juli

I juli i fjor var sola eit sjeldan syn. Det vart også litt meir enn regn enn normalt, og målingane frå i år er ganske like fjoråret.

– 26,9 grader var makstemperaturen den 24. juli. Minimumstemperaturen var 8,6 grader den 3. juli. Snittet for jul er 14,4 grader, og det 1 grad over normalen. 160 mm med nedbør kom det i juli, og normalen er 116 mm. Dermed vart juli og ein våt månad.

Ei finvêrsveke i juli

Stokke har også notert seg regndagar for juli, og det viser at sommarvêret ikkje var til stades i store delar av månaden.

– Det vart 18 dagar med regn i juli. Vi hadde berre ei veke med fint vêr i juli. Ifølgje dei som spår vêret på månadene, skulle det verte så fint i juli, men det stemde ikkje i det heile tatt, seier Stokke.

I fjor vart august ein tørr månad samanlikna med normalen, og det er lov å håpe at månaden har spart på noko av det finvêret som juli gav oss.