Det er fleire år med dårlege resultat og høg gjeld som gjer at Sparebank1 Søre Sunnmøre tek over hotelldrifta i Ørsta, melder nettstaden Nett.no.

- Den økonomiske situasjonen har vore vanskeleg, seier styreleiar Svein Tømmerdal i hotellselskapet Regius Holding til Nett.no.

Regius Holding eig selskapet Hotell Ivar Aasen, som igjen eig hotellselskapa Hareid Hotell på Hareid og Hotell Ivar Aasen i Ørsta.

Splitting

Planen er at Reguis Holding AS vert splitta. Linda Haddal Røssevold tek over Hareid Hotell, medan Sparebank1 Søre Sunnmøre tek over hotellet i Ørsta.

Banken eig allereie 49,48 prosent av aksjane i Ørsta Hotelleiendom AS, som er eigarselskapet til hotellet i Ørsta. I tillegg tek banken over driftsselskapet. Banken er største långjevar til hotella og hotelleigedomsselskapet.

Til nett.no fortel Tømmerdal at delingsavtalen skal vere klar på nyåret.

Raude tal

Regius Holding hadde 2,7 millionar kroner i driftsinntekter og eit underskot på minus 6,1 millionar kroner etter skatt i 2012.Eigenkapitalen var negativ (minus 8,5 millionar kroner) for tredje år på rad, og gjelda var på 26 millionar kroner.

Resultata for sjølve hotellselskapet er betre. Hotellselskapet på Hareid var  slått saman med Hotell Ivar Aasen AS i 2012. Resultatet før skatt i 2012 blei eit overskot på 1,8 millionar kroner. Eigenkapitalen er negativ, på minus 3,8 millionar kroner, og gjelda var ved årsskiftet på 10 millionar.

Ørsta Hotelleiendom, der banken er medeigar, hadde ei gjeld på 55 millionar kroner ved utløpet av 2012. Selskapet har positiv eigenkapital, men har gått med underskot dei tre siste åra. I 2012 var underskotet før skatt på 1,1 millionar kroner, melder nett.no

Denne saka vart fyrst publisert hos nett.no.