– Tenk kor det hadde sett ut her, om ikkje desse sauene gjekk her, seier Signe Krøvel frå landbruksnemnda i Ørsta. Torsdag var nemnda på synfaring på Steinnes.

– Vi er her berre for å sjå og lære, seier ho.

Frå få til fleire

Sidan 2010 har ekteparet Steinnes drive med villsau. Før leigde dei ut markane på garden, men det har vorte stadig vanskelegare å få folk til å kome og slå.

– Det er snart ikkje folk att å spørje. Det har vore sporadisk. Folk har nok med å slå i sitt eige nærområde, seier Roger Steinnes.

– Det gror raskt att, så vi måtte gjere noko, seier Anne Johanne Steinnes.

Villsauen vart løysinga. Dei starta med åtte, men no er flokken oppe i snart 30, pluss 27 lam. Ikkje langt unna, på Sørheim, går der ein dobbelt så stor flokk. Det er altså fleire som har valt denne løysinga, i staden for tradisjonell gardsdrift.

– Villsauen er meir sjølvstendig. Når den får lam så styrer den alt sjølv. Om vi hjelper til vil sauen støyte lammet frå seg, fortel Anne Johanne.

Nødvendig

Villsauen er også omtala som gamalnorsk sau. Ein periode var den i ferd med å døy ut, men no er stammen oppe på eit svært levedyktig nivå.

Villsauen går ute heile året, og treng minimalt med tilsyn. Steinnes gir litt ekstra mat om vinteren og litt høy, men elles klarer den seg stort sett sjølv. Dei ser også til at alle har det bra på beite.

– Og så treng den eit godt areal å vandre på. Det har vi her, seier Roger.

Landbruksnemnda fekk også prøvesmake på villsaukjøt.

– Litt sterkare og med meir smak enn vanleg spekekjøt. Veldig godt, er dommen frå nemnda.

Dei likte det dei såg på Steinnes.

– Vi treng slik idealisme, for kulturlandskapet sin del, seier Signe Krøvel.

Unn Frøland frå landbruksnemnda stal seg til litt ekstra kos frå dette lammet.
På nært hald. Nysgjerrig, men skeptisk til framandfolk.