Turnusplassen for lege skal vere i perioden frå 1. september i år til 1. mars neste år.

Forhistorie

I eit brev til Statens Autorisasjonskontor for helsepersonell (SAK) spør no rådmann Rune Sjurgard og kommuneoverlege Arne Gotteberg om praksisen for turnuslegeordningar. Dei viser til ei forhistorie der dei utan forvarsel fekk pålegg om å ta i mot ein turnuskandidat for lege også i fjor sommar. Kommunen hadde då ikkje hatt turnuslege på ca 15 år.

– Der fins ikkje kontor ved Volda legesenter. Det er heilt sprengt, varslar kommunen.

Ordninga med turnuslege i fjor sommar gjekk ikkje heilt som det burde. Kommunen hadde ikkje rettleiar eller det naudsynte apparatet for å ta i mot turnuslegen, og dei hadde heller ikkje bustad.

– Like fullt kom turnuslegen, og vi måtte gjere alt vi kunne for å sy saman eit opplegg til henne.

Legen hadde mange merknader til avviklinga av turnustida si i Volda, noko kommunen ber SAK ta på fullt alvor.

Ny turnuslege på veg

Kommuneoverlegen tok kontakt med Helsetilsynet i Møre og Romsdal for å få klarlagt om dette pålegget var eit eingongspålegg, eller om det var eit pålegg om å innarbeide stilling og kontor for turnuslege fast. I tilfelle måtte det gjerast ein heil del grep for å få dette inn i meir fullgode former. Svaret var at pålegget berre gjaldt for i fjor.

– Så då innretta Volda kommune seg etter dette som eit eingongstilfelle, opplyser Gotteberg og Sjurgard.#

Men no har det kome eit nytt varsel om pålegg om ein ekstra turnusplass for lege frå september.

– Vi må vite kva som skal skje for å kunne planlegge helsetenesta. Når vi ikkje har kontorplass må vi få varsel minst eitt år på førehand slik at vi kan planlegge og gjennomføre utbygging/ombygging av legesenteret. Først då kan vi gi turnuslegen ei fullgod turnuslegeteneste her. Vi kan ikkje ta i mot ein medisinsk turnuskandidat slik situasjonen er no, og vi kan ikkje gi ein turnuskandidat ei godkjent turnusteneste her no, varslar kommunen.