– Endeleg får eg jobbe i mi bygd. Eg er ein stor Ørsta-patriot, fortel ho.

Mange jarn i elden

Skarstein har jobba som bibliotekar i Volda i ei årrekkje, underviser i song på Høgskulen i Volda på frilansbasis, og tek deltidsstudie i pedagogikk innimellom kordirigering og konsertoppdrag. Ho er mykje brukt som songar i bryllaup, gravferder og i ulike konsertprosjekt.

– Eg var den som var med på alt i oppveksten. Alt frå symjing til friidrett og kulturskulen. Hadde eg nokre timar fri så kjeda eg meg lett. Slik er det enno, seier ho.

I dag dirigerer ho Åmdalskoret Berre damer og Volda mannskor.

– Musikkinteressert har eg vore sidan eg var lita. Eg har sunge og spelt så lenge eg kan huske.

Skarstein har bachelor i musikk, og har også studert drama og teke etterutdanning for kordirigentar ved konservatoriet i Ålborg.

Store sko

No er Skarstein klar til å fylle skoa til kulturhusleiar Bjørn Holum og Kaihus-leiar Aurora Høegh-Omdal, som begge slutta i jobbane sine i sommar.

– Og det er veldig store sko å fylle. Det er eg klar over. Eg har stor respekt for arbeidet dei har gjort, og eg gler meg til å vidareføre det.

Skarstein røper at ho alt har mange idear og tankar om kva ho vil gjere, men først av alt gler ho seg til å kome i gang og få sett seg skikkeleg inn i arbeidsoppgåvene.

– Det er to veldig ulike jobbar, men eg skal gjere det eg kan for begge to. Dei har begge vore «utryddingstruga». Det er viktig at det skjer ting på husa. Vi har inga nytte av at dei står tome.

Kulturhuset

Når Skarstein går inn døra i kinosalen og kjenner på lukta og atmosfæren, får ho premierenervar. Ho har sjølv stått på scena der fleire gongar.

– Eg kjenner kulturlivet og vil bruke det for det det er verdt i forhold til kulturhuset. Og eg brenn for det lokale kulturlivet og ønskjer å gi rom for fleire lokale aktørar på scena. Men eg vil heller ikkje gløyme dei store. Dei kan vere med å inspirere, seier Skarstein.

Ho ser på kulturhuset som ei bygdestove for alle. Ørsta utan kulturhus kan ikkje Skarstein sjå føre seg.

– Vi må jo ha det, er hennar tydelege konklusjon.

Kaihuset

Når det gjeld Kaihuset er Skarstein også klar på at det er noko Ørsta må ha.

– Vi må oppretthalde tilbodet, og vi må også prøve å utvide det. Å ha eit slikt hus betyr mykje for dei som ikkje vert fanga av sport eller ballett. For ungdomsmiljøet i bygda er det viktig å ha alternativ.

Ho rosar arbeidet som er lagt ned i huset.

– Å satse på ungdom er aldri feil. Då vert dei glade i bygda si, og det treng vi.